Acem Meditation International

Rune Belsvik: Å nærma seg kjærasten med blyant og metodelyd

Siden debuten i 1979 har Rune Belsvik gitt ut 38 bøker spredt over mange genre; barne- og ungdomsbøker, skuespill, dikt, fortellinger, noveller og romaner. Han har mottatt en rekke litterære priser, bl.a.
Brageprisen i 2000 og Kritikerprisen i 1997 og 2001.
Høsten 2006 er han aktuell med familieforestillingen Verdas mest forelska par på Det norske teatret og operaen Dustefjerten i Kristiansand.

Eg kjørte inn til sentrum. Eg var uroleg. Eg kom plutseleg på at eg ein gong hadde bestemt meg for å redda verda. Ein gong hadde det vore ein klar tanke i meg, at når eg først var kommen til verda burde eg redda henne, at det var eg som ein gong måtte ta steget fullt ut og få det gjort. Eg hugsa også at eg hadde misunnt Jesus. Eg ville at alle skulle bry seg like mykje om meg som dei brydde seg om han. Eg tenkte at eg godt kunne spikrast til ein kross om det var det som måtte til. Nei, hadde eg tenkt. Ikkje det, vel? Jo. Nei. Eg blei vel forstyrra av noko rundt som kom susande. Eg sto vel på skuleplassen og leika kanonball.

Ei natt hadde eg vakna og sett ein stor, tom neve over ansiktet mitt. Snart hadde eg forstått at det var min eigen neve. Likevel var eg ikkje trygg. Det var noko eg hadde glømt, trudde eg. Noko svært viktig. Så hadde eg komme på det. Eg hadde glømt å redda verda. No var eg over tretti år. No var det vel for seint? Eg hadde stått opp og følt ei stor fortviling. Kva hadde eg brukt kreftene mine til? Kor mange mulegheiter hadde eg sløst bort? Korleis hadde eg eigentleg tenkt å redda verda? Eg burde ta båten til Hirtshals og begynna der, kanskje? Ja, eg såg korleis eg ville stiga i land i Hirtshals. Ein kald vind jaga mellom konteinarar og høge, kalde bygg. Støv i dei asfalterte gatene. Eg gjekk vel opp i ein butikk og kjøpte noko godt å trøsta meg med. Og så gjømte eg meg bak butikken og grein. Eller eg gjekk og drakk meg full for å døyva heimlengten.

På stovebordet sto vinflaska eg hadde tømt før eg la meg. Eg hadde kjeda meg. Det føltes tomt å sitta der lettare rusa og sjå nok ein fjernsynskveld ta slutt. No var også rusen slutt. Eg hørte barna sov i sengene sine. Eg såg rotet etter leiken deira på golvet og stovebordet og i trappa. Kona mi sov også. Snart skulle det bli vår, og det var tid for å skapa gode barndomsminne, vakker hage, nymåla hus, familiegleder, grillmat, feriereise, besøka slekta, ha hyggelege kveldar med venner, passa på at barna hadde nokon å leika med, at dei ikkje blei mobba, men fekk fisk med fiskestengene sine og krabbar i bøttene sine, og ikkje blei solbrent eller fekk glasbrot i føtene eller gjekk ut der det var djupt.

Men først av alt måtte eg komma i gang med ei ny bok. Det hasta. Eg følte meg sliten. Eg trudde aldri eg ville klara alt dette. Eg var redd. Eg følte eg lurte meg unna. Eg såg på nevane mine. Kor mykje bra hadde desse nevane eigentleg gjort?

Nokre veker etterpå var eg på veg til begynnarkurs i Acem. Eg hadde sett ein annonse i avisa. Det blei lovd overskot og personleg vekst! Det var store ting. Kanskje kunne eg endeleg veksa meg stor nok? Attpåtil ville eg få overskot. Eg lurte på kor det ville vera best å parkera. Eller kanskje tenkte eg på korfor eg ikkje sa adjø på ein hyggelegare måte til kona. Eg skulle lukka augo og venda meg bort. Meditera! Viss eg fekk det til.

Viss ikkje også dette var for vanskeleg for meg. Eg var redd eg måtte sitta i ei stilling som den stive kroppen min ikkje var i stand til. At eg måtte trekka meg alt første kvelden. At folk ville le når dei såg meg komma inn i lokalet. Fordi eg var så dum, at eg hadde trudd eg kunne begynna å meditera.

Eg var forskrekka over desse tankane. Alt som denne skallen min kokte i hop. Redda verda! Konkurrera med Jesus! Begynna å meditera? Var eg verkeleg på veg til eit meditasjonskurs? Var eg ikkje for god til å gjømma meg vekk på den måten? Var ikkje verda no like ved å tapa ein stor og viktig mann? Ville ikkje folk eg kjende le av meg? Eller ville dei sjå opp til meg? Eg håpte mor mi ville lika det. Far min ville nok ikkje bry seg. Kona mi var litt nysgjerrig.

Det var tolv år sidan eg debuterte som forfattar. Eg hadde hatt oppturar og nedturar. Eg hadde fått litterære prisar og mange hadde lest bøkene mine. Eg hadde fått brev frå folk som likte det eg skreiv. Men eg frykta at det snart var slutt. Snart vil det gå opp for nokon at det eg hadde drive med berre var flaks og lureri. At eg eigentleg var ein liten idiot som hadde lurt meg med på noko eg ikkje hadde greie på. Eg var trass alt berre utdanna hjelpepleiar.

Ein gong var eg blitt sjukmeld på grunn av skrivesperre. Eg hadde sete dag etter dag ved arbeidsbordet og løfta blyanten, og det einaste som kom ut av meg var tårer. Det var kona som hadde sendt meg til doktoren. Ho orka ikkje å sjå meg slik, sa ho. Eg hadde rett på sjukepengar meinte ho. Eg hadde rett på å kvila ut. Eg ville helst ikkje gå og forstyrra legen. Han hadde sjuke folk å ta seg av. Han hadde det travelt. Og så skulle eg komma der fordi eg ikkje fekk ned nokre ord? Men eg gjekk for kona si skyld. Og då doktoren sa at eg fekk forbod mot å skriva i minst ein månad, var eg nesten lykkeleg. Tenk å få sleppa å sitta der og pressa og mislykkast. Berre få dagar seinare fekk eg ei underleg lyst eg ikkje hadde følt på lenge. Eg sneik meg bort til arbeidsbordet og skreiv nokre ord. Eg følte at eg juksa, at eg narra trygdekontoret og den norske stat, men eg kunne ikkje la det vera. Å, det var godt å juksa litt.

No var eg der igjen. Eg ante ikkje kva eg skulle skriva. Eg følte meg tømt. Eg drømte om å skriva ei fantastisk bok som verkeleg skulle slå gjennom, men forsto meir og meir at det aldri ville skje. Det verkeleg store. Det som kanskje ville vera nok for alltid. Eg hadde kone og to barn. Rekningar måtte betalast. Eg var redd vi skulle gå konkurs. Eg lurte på om eg eigentleg var den gode faren eg så lenge hadde bestemt meg for å bli. Og kor lenge ville kona halda ut med meg, no når eg var gått slik i stå igjen? Var eg ikkje ei byrde for alle som møtte meg? Burde eg ikkje forsvinna frå verda så fort som råd? Og korfor i all verda skulle eg begynna å meditera? Var eg ikkje for viktig til å driva med slikt? Burde eg eigentleg gå ut slik og blanda meg med vanlege folk. Burde eg ikkje spara på meg? Halda meg litt i skjul og venta på det store som ein dag måtte skje. Kva det no skulle vera. Det som skulle visa at eg var noko heilt spesielt og utanom det vanlege. At folk måtte få augo opp for meg. Kva?

Eg håpte meditasjonen ville visa meg vegen til ei gullgrue i fantasien min.
Eg håpte å finna roen.
Eg drømte om overskot og personleg vekst.
Eg drømte om forsoning med mitt indre mørke.
Eg drømte om å føla meg mindre framand i mitt eige liv.
Eg drømte om å bli eit betre menneske enn alle andre.
Eg drømte om å bli ein stor forfattar.
Eg drømte om å bli god nok.
Eg lurte på kor eg skulle parkera bilen.
Eg lurte på om eg ikkje berre skulle snu igjen.
Ville ikkje kona mi bli glad om eg kom heim og rydda oppvaskmaskinen og bretta saman nyvaska klede?

Fleire gonger var eg på nippet til å snu. Eg var redd eg måtte forandra meg sjølv radikalt for å få lov til å vera med i dette Acem. At eg måtte forkasta for mykje av det eg hadde blitt. At eg skulle komma til å lova meir enn eg kunne halda, ja rett og slett svika meg sjølv og alt eg trudde på. Kva det no var eg trudde på. Eg var redd eg skulle bli frelst. Ja, at eg skulle gi meg over og bli ein framand for alle som kjende meg. At eg berre skulle forkasta alt eg før hadde brydd meg om. Men det kom eg vel ikkje til å gjera? Det var vel litt fast materiale i meg, og ikkje berre ei flytande suppe alt saman? Men samtidig lengta eg også etter å kunna gi meg over til noko. Å sleppa taket i all tvil og nøling og vakling og famling og berre seia JA til noko. Noko som ville overta meg. Ta ansvaret for meg. Eg hadde for mykje ansvar. Eg var ikkje mann for alt eg hadde bestemt meg for å få til.

Og eg lurte på kor eg skulle parkera bilen. Og eg forsto at eg aldri ville komma til å redda verda. Eg var glad at eg ikkje var like berømt som Jesus. Så kunne eg iallfall gå i fred gjennom gatene. Men eg hadde sett for meg at eg skulle gjera noko stort i verda, og det store skulle eg gjera heilt aleine slik at eg kunne ta all æra for det. Men no skulle eg altså på kurs for å få eit innblikk i meg sjølv. Eg hadde altså ikkje ein gong nøkkelen til mine eigne tankar, eller kva det no var dette eg ville få sjå når eg begynte å meditera.

Eg var redd for kva eg kunne komma til å sjå der inne. Eg var redd det fantes minne og sanningar som var skjult nettopp fordi eg ikkje ville tola å sjå dei, men at eg no kunne komma til å få ein gløtt inn i det likevel. Det forferdelege og sanne bildet av meg sjølv. Alle mine fortrengte minne. Ville eg tola det? Å sjå sjølve beistet der inne?

Men eg var også ivrig, og stolt over at eg hadde gått så langt som eg alt hadde gjort. Eg hadde meldt meg på. Eg hadde kjørt til byn og funne ein parkeringsplass. Det var mange ledige parkeringsplassar. Eg kunne velja og vraka. Eg sto alt og heldt i ytterdøra til eit bygg eg aldri hadde vore inne i før. Alt dette på vegne av ei skjør, lita von. På vegne av ein lengt i meg. Eg opna døra og gjekk inn. Eg kom inn i ein mørk gang. Det var ei dør til ein heis inst i gangen. Eg opna, trykte på tretalet og blei løfta opp. Gjennom ein ny gang. Inn ei ny dør.

Kanskje blei eg først og fremst overraska over kor verkeleg og alminneleg alt var i lokalet eg kom inn i. Parkett på golvet. Raude gardiner. Bord og stolar som kunne stått i eit møterom på ein skule. Folk som kunne komme rett inn frå gata. Her var ingen merkelege symbol på veggane. Ikkje skåler med røykjelse. Ikkje folk i kapper eller store sjal. Ingen djupsindig musikk. Det var sju åtte vanlege personar som såg ut som framande for kvarandre. Stemninga var trykkande. Pinleg. Eg brakk meg ned på ein stol. Eg lurte på når kurslæraren skulle komma. Men ho var der alt.

På ein kurskveld kom ein mann frå Oslo for å gi oss lyden. Eg hugsar han vinka meg inn i eit rom som såg ut som eit bøttekott. Det var eit trongt rom fullt av bortstua saker. Alle andre rom var opptatt. Det var høgtid over dette. No skulle eg få sjølve lyden. Den lyden som skulle vera min i mediteringa. Ein lyd eg skulle komma til å seia om att og om att i mitt stille indre, dagleg, i fleire år.

Gjenta etter meg, sa mannen frå Oslo.
Så sa han eit ord eg aldri hadde hørt før.
Eg sa ordet. Eg fekk det til. Eg var rørt. I dette bøttekottet var eg no ein så viktig mann at ein annan mann, ein meditasjonslærar frå hovudstaden, sto tett inntil meg og sa eit ord stilt og rett fram slik at eg skulle læra meg å seia det sjølv.
Berre sei det lågare og lågare, sa han.
Eg var nesten på gråten. Eg sa lyden lågare og lågare. Eg fekk det til akkurat slik han bad om. Til no var eg god nok iallfall. Til no gjekk det heilt fint.
Berre sei lyden stilt inni deg, sa han.
Dette skulle helst ikkje minna om nokon ting, for lyden skulle vera utan assosiasjonar, 17 men det minte meg på dei mest fortrulege, skjøre og vakre stunder saman med far min.
Når han verkeleg skulle henta nokre små ord frå sitt indre. Verkeleg seia meg noko. Det var intimt og rørande. Som å stå i eit bøttekott og få meditasjonslyden min.

Eg fekk beskjed om å gå inn på eit anna rom for å meditera min første halvtime. Det satt ei jente der frå før. Det var berre oss to på det vesle rommet. Ho hadde også nett fått lyden sin. Eg lurte på om det var ei spesiell meining i dette. Ho var den finaste jenta på kurset.
Kurslæraren trekte føre gardinene, og sa ho ville komma tilbake om ein halv time. No skulle det skje. No skulle eg seia lyden stilt inni meg. No skulle eg meditera på skikkeleg for første gong i mitt liv. Eg skulle prøva å vera ledig, møta alt som dukka opp med ei ledig og fri haldning. Ikkje sensurera noko. Ikkje forventa noko. Ikkje henta inn andre tankar. Berre la det vera som det var. Eg rekna med eg ville få det til. Dette trudde eg at eg ville vera flink til. Det forstyrra meg likevel ørlite at eg sånn tilfeldig hadde hamna på rom med ei fin jente, og at vi no skulle sitta på kvar vår stol med berre eit bord mellom oss, med lukka augo og kvar for oss gjenta stilt i oss sjølv den lyden vi nett hadde lært. Eg lukka augo.

Det bruste inni meg. Eg hørte trafikken frå gata. Folk der ute som ropte til kvarandre.
Lyden. Eg måtte seia lyden. Ledig. Kva er ledig? Og ikkje assosiera lyden med noko, men no gjekk det opp for meg, straks eg begynte å seia lyden inni meg at lyden kunne minna om eit anna ord. Han minna om lasanje! Men det måtte eg ikkje tenka på. Då var lyden min spolert alt frå det første minuttet. Pokker. Korfor fekk eg ein slik lyd som minna så idiotisk om eit anna ord. Lasanje! Guten min likte så godt lasanje. Men det måtte ikkje vera løk eller krydder i. Det fine med lasanje var at eg kunne laga ein porsjon for to dagar.
Det var fint å laga lasanje om laurdagen, så slapp eg å laga middag på søndagen. Nei! Eg måtte fjerna lasanjetankane frå lyden, men det var ikkje lett! Ho jenta satt så stilt og fint.
Ho fine jenta. Eg fekk lyst å sjå korleis ho såg ut når ho mediterte. Men det måtte eg ikkje.
Vi skulle ikkje opna augo. Tenk om ho satt der og såg på meg? Nei, ho hadde vel fått ein betre lyd ho, eller ho var iallfall ikkje så barnsleg i hovudet at ho blanda mat inn i lyden sin. Men lyden min ville vera lett å hugsa, når han minna slik om lasanje. Eg kunne berre tenka på guten min og ein mat han likte svært godt, så ville eg straks komma på lasanje og deretter ordet som likna så veldig på lasanje. Men no måtte eg seia ordet, og ikkje berre tenka på det. Nei, eg måtte seia det mens tankane tenkte det dei ville. Men tenk om eg hugsa lyden heilt feil? Det var vel ikkje så sannsynleg at dei ville gi meg ein lyd som likna så grovt på lasanje, når det var så enormt viktig at lyden ikkje skulle seiast høgt fordi han ikkje skulle assosierast med noko.
Skulle eg berre gi opp? Eg sveitta. Eg rota fælt. Eg følte at pikken slapp taket i skrittet mitt, flaug ut i rommet og smatt inn i buksa til den fine jenta. Snart ville ho hyla, og eg ville bli jaga bort for godt. Nei. Slikt skjedde ikkje. Men korfor måtte det komma slike søppeltankar inn i hovudet på meg no når eg endeleg skulle meditera og finna roen. Kor var dei djupe og vise tankane? Og den lyden, ja, eg fekk jo berre seia han om igjen og om igjen, sjølv om det sikkert var heilt feil lyd. Så typisk meg å rota det til. Søla bort mulegheiter.

Nei, tenkte eg. Det er ikkje feil lyd. Det var denne lyden han mannen sa. Han virka ganske vanleg, den mannen, sjølv om han hadde meditert så lenge. Kva er vitsen? Sitta og seia ein lyd inni hovudet sitt? Burde eg ikkje vore ute og redda verda? Burde eg ikkje kjempa for fridom og rettferd? Burde eg ikkje tala det gode si sak? I staden held verda fram med å vera som ho er, mens eg sitt bak raude gardiner i lag med ei fin jente og seier ein lyd som liknar på lasanje i hovudet mitt om att og om att og om att. Og kona mi er heime med ungane. Ja, ungane søv vel no. Nei, ho held vel på å legga jentungen.
Men kona mi har det ikkje heilt bra for tida. Kva er det med henne? Korleis har vi det eigentleg? Kjenner vi kvarandre? Lyden. Ja, lyden, ja. Så ledig som muleg var det.
Ikkje slapt og sløvt. Kanskje litt slentrande. Liksom ein ruslelyd? Som symjetak? Nei, han skal jo berre vera som han er. Jøss, no kom det litt ro inn i meg. Her sitt eg jo og mediterer på rom med ei fin jente. Sitt berre og mediterer. Vi er heilt stille i lag. Det er fint det. Ho seier lyden sin. Eg seier lyden min. No seier eg han. Eg må berre ikkje seia til nokon at han liknar på lasanje. Nei, det skal eg ikkje seia. Ho har fine lår den fine jenta.
Og munnen hennar ville vore god å… nei, ikkje det, men… jo… nei, lyden. Ja, lyden.
Var det slapt? Nei, ledig. Men ledigheit er rota til alt vondt. Eller var det lediggang det? Eller er denne lyden eit namn som kallar på ein gud? Er eg blitt lurt no? Kva pokker er det som skjer her? Sitt eg verkeleg i eit rom i Kristiansand sentrum bak tjukke, raude gardiner og seier ein lyd inni hovudet mitt? Vil eg komma på framsida i Dagbladet i morgon? TIDLIGERE SUKSESSRIK BARNEBOKFORFATTER FORLEDET TIL Å GJENTA EN FREMMED LYD INNE I HODET. Skal eg opna augo og gå? Det må snart ha gått ein heil time. Har dei glømt oss ut? Eller kanskje det berre er gått nokre minutt? Har jenta gått utan at eg har merka det? Sitt eg her som ein idiot og trur eg sitt på rom med ei fin jente? Ungane mine ville blitt redde viss dei hadde sett meg slik som dette. Eg som trudde eg hadde nokre skumle greier i hovudet. Det er jo ingenting her. Berre fullt av surr. Nei. Lyden, ja. Lyden. Lyden. Så fredeleg. Tenk om eg blir fredeleg. Eg kan fortelja om dette til kona mi, og så kan vi le av det i lag. Lyden. Å, tenk om det berre kom ein ide til ei ny bok. Ein grei, liten idé i staden for alt dette… Men korfor akkurat lasanje? Går det an å bytta lyd, eller… Lyden. Lyyyden. Godt og roleg og trygt her og lyyden og lyyyyden- Ja, då er tida ute, sa kurslæraren.

Det er 15 år sidan den kvelden. Eg har meditert ganske regelmessig. Ein time per dag i 15 år er 5475 timar er 228 døgn. 228 døgn har eg repetert lyden så ledig eg har kunna. Etter nokre år fekk eg ny lyd.

Nokre år etter det blei den lyden forlenga med ei staving. Har det skjedd store endringar som ikkje ville komme elles? Eg veit ikkje. Er eg ein heilt annan mann no? Det trur eg ikkje.

Men korfor driv eg på med det då? Eg er ikkje sikker.

Ein eller annan gong i løpet av desse 15 åra begynte eg å sjå på mitt indre på ein ny måte. Eg hugsar at den kvelden eg kjørte til begynnarkurset var eg redd for det eg kunne komma til å få sjå. Eg tenkte at det var eit beist der inne i meg. Noko fælt. I det siste har eg tenkt på dette indre som ein skjult kjærast. Ja, at eg har ein kjærast der inne. At vi skal halda saman så lenge vi lever. At forholdet vårt stundom er svært komplisert, men at det også er stunder av glede, ro og djup meining.
Eg tenker at eg ikkje fryktar denne kjærasten så sterkt meir. Eg veit at eg ikkje kan bestemma over henne. Eg kan ikkje forlanga noko. Eg kan berre nærma meg med respekt og vilje til å gå eit stykke vidare i lag.

Når eg går til arbeidsbordet og løftar blyanten, føler eg også at eg går denne kjærasten i møte.

Her er eg, seier eg. No sitt eg klar med blyanten. Skal vi prøva å finna vegen inn i enno ei forteljing? Nei, ho treng ikkje vera strålande og fantastisk. Men noko som er viktig for oss. Noko vi bryr oss om. Det er jo dette som er dei store stundene våre. Ei 21 forteljing er eit heilt kjærleiksliv. Ja, nedturane skal komma. Vi skal skjella på kvarandre, komma i tvil, gå tomme, bli fortvila, men så skal vi nærma oss på nytt.
Eg går mange gonger til arbeidsbordet utan å ha ein idé. Eg veit jo at det ligg mykje materiale i meg. Minne, fantasiar, ønske, halvtenkte tankar. Eg prøver i første omgang å kjenna etter om det er noko som melder seg. Ofte er det berre tvilen som dukkar opp.
Tanken på at no er det over. No har eg brukt mine mulegheiter.
Eg tenker at det er som endeleg å ha våga meg fram til døra til henne eg har lengta etter så lenge. Eg står der og bankar på, men så er ho ikkje heime. Likevel veit eg at nokon har sett meg der ved døra, og at ryktet om det vil nå fram til henne. Snart vil ho veta om meg.
Men denne følelsen av tvil kan vera så sterk, at eg nesten finn på kva som helst for å utsetta neste møte med blyanten.
Og eg trur at det verste eg kan gjera mot kjærasten min, er å bruka ventetida til å bygga opp forventningar til vårt kjærleiksmøte. At eg ventar det skal føra til stor litteratur. At det må vera veldig viktig. At det skal slå gjennom i litteraturstøyen, og vinna ein stor og strålande plass. Det er som om kjærasten min blir ulykkeleg då. Viss eg ikkje vågar å tru på oss slik vi er, men alt i utgangspunktet begynner å strama oss opp, styra vår ferd, tenka meir på resultatet enn samveret, så kan ho avvisa meg.

Ho vil gjerne at vi skal vera i lag, at vi skal skapa nytt, men det må vera med respekt for dei augneblinkane vi er saman. Det er det som gjeld. Å ha mot til å vera der vi er. Ærleg. Å ha mot til å prøva og leika og feila og prøva igjen. Men om att og om att, ha mot til å tru at verda er slik vi ser henne. At vi har sansa det vi har sansa, sjølv om ryktet om livet seier noko anna.

Og så nærmar vi oss desse kjenslene som vi har nærma oss før. Vi har nokre livstema som har skapt ei rad minne og hendingsrestar som ligg forsteina rundt i vårt indre landskap.

Vi kan tru vi veit kva det er. Men når vi er der, ser vi ofte at her også er noko anna. Det er noko her som vi hadde glømt. Men no er vi her, kjenner vi. Vi kjenner kor tett vi står ved dette som er oss. Vi vil kanskje gråta. Vi vil kanskje le. Men vi veit at dette er ekte.

No skal vi løfta dette varsamt opp, denne gamle hendinga som vi trudde var så vakker og stor, og no ser vi at det var ikkje heilt slik og at det som ligg skjult der også skal løftast opp. Det er viktig for oss dette. Det pressar seg på og vil fram dette som no endeleg er sett. Det pressar fram setningar og avsnitt i støyt etter støyt. Kanskje i tre dagar til ende. Kanskje nokre minutt no og nokre minutt då. Men vi føler at vi er ved kjernen av kjærleiksarbeidet. Dette er kjærleik. Å prøva å sjå seg som ein er. Å gi det fram til verda som eventyr eller songar. Å stå ved det.

Når eg skal meditera legg eg bort blyant og papir. Eg slepper ned persiennene. Ja, eg tenker eg legg bort alt. Eg lukkar augo. Eg veit at eg ikkje har oversikt over alt som kan dukka opp. Eg veit eg har lært ein lyd som eg skal seia om att og om att så ledig eg kan. Ein lyd som minnar aldri så lite om namnet på ein kafé. Når eg kjem i tvil om lyden er rett vil eg komma til å tenka på den kafeen. Og så seier eg lyden.
Svært ofte har spontanaktiviteten innhald som har med skrivearbeidet å gjera. I periodar eg går tørr kan også spontanaktiviteten vera tørr. Det som vil melda seg i skrivearbeidet melder seg ofte først som spontanaktivitet. Men meditasjonen kan også sjå bakover og etterpå få meg til å sjå ein ekstra gong på eit avsnitt.
Eg tenker at kjærasten min der inne likar at eg også kjem henne i møte på denne måten.
At eg berre kjem med ein lyd, ein vennleg lyd, at eg berre er der for å vera nær.
Og kjærleiken vår kan også vera slik, at vi i lange stunder ikkje skal skapa nokon ting.
Men det å gi opp, det å sleppa taket, det å berre vera, ja, det er viktig for det skapande arbeidet. Det er fullverdig også å leva slik. Kjærleiksarbeidet der inne har mange forskjellige tempo. Noko av det skjer heilt i det skjulte. Men om det verkar tørt og aude, så er det ikkje dødt. Det lever og kviler ut til neste hending.

Lange periodar utan mot eller krefter til å skriva minnar sterkt om kjærleikssorg. Ja, det kjennest som om kjærasten min ikkje vil veta av meg. Ho viser seg ikkje for meg.
Ho vil vera for seg sjølv. Og gong på gong har det vist seg, at det blei slutt fordi eg kom med for store ambisjonar. Mine forventningar har skremt henne bort. Og først når eg begynner å sørgja begynner eg å bygga ambisjonane ned. Til sist forlangar eg ikkje lenger stor litteratur. Eg håpar berre på eit nytt møte. At vi enno ein gong kan gå i lag ut i det underlege, kjende, framande, tørre, fruktbare landskapet der inne, her ute, her.

Etter å ha meditert ei tid tenkte eg at meditasjonen var som ein hybel eg hadde skaffa meg vegg i vegg med mi eiga sjel. Kvar meditasjon var ei tilnærming til det der inne.
Det eg ikkje hadde oversikt over. Det eg ikkje kunne kontrollera. Det som braut ut i meg som det ville. Med ein vilje eg ikkje forsto. I staden for å frykta det og flykta unna hadde eg no prøvd å komma nærmare. Som om eg nærma meg noko i mitt eige sinn som eg ein gong hadde flykta frå. Ja, eg tenkte at eg lenge hadde lengta etter meg sjølv, at det hadde stått noko der inne som var forsømt, og at kontakten no var ved å bli oppretta på nytt.

Langmeditasjonane i Markens gate var viktige for meg. Å prøva å snakka om det som skjedde i meditasjonen. Å få høra på andre som prøvde å formulera nye tankar. Å kunna kjenna kor pinleg det stundom var, utan å flykta bort. Å forstå kor lett eg kunne sjå kva andre sleit med, mens eg var blind i forhold til mitt eige strev.

Eg syntest det gjekk fint for meg å meditera. Eg var regelmessig heilt frå starten, fordi eg fekk mykje igjen for det. Eg mediterte når ungane og kona var ute av huset om morgonen. Det var ein fin overgang til det å skriva. Tankane som hadde med familielivet å gjera fekk tenkt seg meir ferdig, og tankar om skrivinga melde seg ofte i spontanaktiviteten.
Så mediterte eg andre halvtimen etter å ha rydda bort skrivesakene, før eg skulle begynna på middag og familieliv igjen. Denne overgangen mellom skriveliv og familieliv betydde mykje. Eg blei fortare nærverande begge stader. Og søvnen blei betre. Suget etter alkohol blei mindre.

Ein kveld på ein langmeditasjon syntest eg at eg hamna i eit uføre. Alt hadde gått bra, men plutseleg forsvann lyden. Eg strevde med å finna han, og eg kvidde meg til å måtta snakka om dette i vegleiinga etterpå. Eg håpte det ville komma ei forandring, så eg kunne få noko anna å snakka om. Det var jo nokså dumt at eg rota bort lyden i langmeditasjonen. At eg ikkje var kar om å finna han og ha han der han skulle vera.

Etterpå måtte eg enten lyga, eller så måtte eg vedgå kor idiotisk eg hadde vore.

Etter meditasjonen fann vi fram te og kjeks. Eg var i ei dyster stemning. Eg følte at eg snart måtte legga meg fram for dei andre. Eg måtte prøva å formulera dette idiotiske tullet. Eg kvidde meg. Og då det endeleg blei min tur, eller eg til slutt vågde å gripa ordet, eller kanskje blei bedd om å ta det, følte eg fort at eg ikkje hadde kontroll. Eg hadde rota meg veldig bort. Eg skjemtes. Eg var så dum. Og etter nokre tunge og vonde sekund sa vegleiaren:

Føler du alltid at du må vera best?

Dette var ei underleg setning. Ho snudde og vende seg i meg som ein stor, tung gjenstand. Følte eg at eg alltid måtte vera best? Ja, var det ikkje nett det eg følte? Det var jo det som var det ustanselege kravet i meg. At eg burde stråla mest, vera den etterspurte, mest populære og sårast sakna. Og no var det som om eg for aller første gong faktisk såg det. Var det ikkje mykje eg heldt meg unna fordi eg visste eg ikkje kunne skaffa meg den beste posisjonen der? Eg unngjekk diskusjonar der eg kunne komma til å føla meg dum. Eg gjekk helst ikkje i selskap der andre kunne stråla meir enn meg. Eg gjekk ut frå at eg var den beste faren av alle fedrar i kongeriket. At eg var den beste ektemannen, den beste naboen og den hyggelegaste kunden i butikken. Eg hadde liten toleranse for kritikk. Alt anna snakk enn snakk om at eg var den beste og flottaste var 25 truande. Og no såg eg liksom dette rett i ansiktet. Det såg fælt ut. Var eg verkeleg slik? Eg såg i eit glimt alt eg gjekk glipp av dei stundene dette kravet herja. Og ofte, når verda var slik at eg ikkje ville ha nokon sjanse til å bli den utvalde, den beste, så var eg ulykkeleg.
Eg såg i dette glimtet kor mange mulegheiter til liv eg nekta meg sjølv, fordi eg ikkje kunne risikera å vera der eg ikkje var best. Tenk om eg kunne tola å vera nummer to. Alt då ville livsrommet mitt bli sterkt utvida. Tenk om eg oftare hadde mot til å berre delta, og tenkte at det var heile vitsen. Ja, berre vera med så godt eg kunne, og så var det godt nok? Berre få vera med. Det var jo det eg drømte om og lengta etter. Å få vera i lag med dei andre.
Omtrent slike tankar trur eg det var som begynte å røra seg i meg den kvelden. Det føltes som eit gammalt, størkna grep om nakken min sleppte ørlite på taket. Eg syntest eg hadde innsett noko revolusjonerande for mitt eige liv:

Det er ikkje nødvendig å vera best.

Og slik går det. I augneblinkar kan eg føla at eg har eit glimt av drivkreftene i meg.
Og når eg får til å snakka om det i vegleiingsgruppa, så strømmer det liksom nytt og friskt liv inn i meg. Til det inni meg forkler seg på nytt og kjem tilbake med nye masker.

Alle sommarkursa eg har vore på har betydd noko spesielt. Alltid desse nølande byrjingane. Alle ansikt og uttrykk kjem rett frå kvardagane og ber preg av korleis dei oppfører seg blant folk. Held det meste skjult. Held fasaden i orden. Og etter nokre dagar begynner det indre livet å røra seg. Orda er plutseleg ikkje så flinke. Ansikta brest opp i gråt eller skam eller sinne. Blir stumme. Famlande. Nevane grip ut i tomme lufta. Og denne leitinga etter eit språk for desse gjømte erfaringane rører meg alltid. Det er ikkje viktig om dei viser til store eller bagatellmessige hendingar. Men å få vera nær eit menneske, som prøver å formulera ein tanke for første gong er alltid stort. Og å få lov å prøva det same sjølv, mens dei andre sitt og hører etter, det er gong etter gong blant dei største gåver. Det gjer vondt og det gjer godt.

Det minner om å dikta. Å føra blyanten til papiret. Kjenna uroa blåsa opp i meg. Kjenna lengten etter noko eg anar er ein stad. Prøva å ikkje forventa. Vera der. Vedstå meg dei første orda som kjem. Famla. Sukka. Gi opp. Prøva på nytt. Og brått kjenna at noko grip tak, at det er noko levande der som har eit forsiktig ønske om å visa seg fram, og eit anna ønske om å halda seg skjult.

Kva det no er. Kva det no er.

Keywords: litteratur | meditasjon
| More

Product

Dyade 2006/03-04: Meditasjon motstrøms

Dyade 2006/03-04: Meditasjon motstrøms

 

Related articles